Sukkersalta pepar

Sukkersalta pepar er tittelen på skrivelaget sin nyaste antologi. Her finn du 21 nyskrivne tekstar frå kjende og ukjende forfattarar frå skrivelaget. Blant desse finn du Rolf Losnegård, Kjartan Hatløy og May Grethe Lerum.

SP_framside2

Bli med på boklansering 2. april i Førde, på jubileumssamlinga til skrivelaget! Her får du høyre utdrag frå antologien og sikre deg boka til jubileumspris kr 150,- (ord. pris 175,-).

Det er også mogleg å tinge boka til jubileumspris her fram til 3 april.

 

Reklamer

Gullfunn i Selje

20. – 22. mars var 13 deltakarar frå store delar av fylket, og jamvel frå grannefylka nord og sør for oss, samla til kurs med May Grethe Lerum som kurshaldar. Lerum er sjølv ein mykje publisert forfattar, litteraturkritikar og forlagsredaktør.

– Det er ikkje ofte eg opplever at alle deltakarane på eit skrivekurs leverer tekstar av høg kvalitet, men det var verkeleg tilfellet i Selje. Her var det gull å finne, seier Lerum, som mellom anna fortalde om kva som skal til for å skape historier som held på lesaren, korleis bruken av adjektiv verkar inn, kvar ein kan få hjelp og inspirasjon til å kome vidare som forfattar, og litt om korleis ein kan gå fram i møte med forlag om ein ønskjer å få gitt ut ei bok.

Sunniva-sola si gåve

Før kurset hadde deltakarane sendt inn kvar sine tekstar inspirert av legenda om Sankta Sunniva. Namnet Sunniva tyder «sola si gåve». (Foto: Lise Cathrin Slotsvik)

Mellom øktene brukte deltakarane tida på å bli betre kjende med kvarandre og utveksle erfaringar. Før kurset hadde dei sendt inn kvar sine tekstar inspirert av legenda om Sankta Sunniva. Laurdag nytta mange av dei høvet til å vitje Selja, for å oppleve klosterruinane på øya, Sunniva-kjelda og vandre i eit område med historisk sus. I nydeleg vêr vart dette ei flott oppleving.

I nydeleg vêr vart turen til Selja ei flott oppleving. Her er deltakarane på veg om bord i Klosterbåten for å returnere til fastlandet. (Foto: Lise Cathrin Slotsvik)

I nydeleg vêr vart turen til Selja ei flott oppleving. Her er deltakarane på veg om bord i Klosterbåten for å returnere til fastlandet. (Foto: Lise Cathrin Slotsvik)

Deltakarane var i alderen 14 til 85 år, og dei utforskar ulike litterære retningar. Dei har også ulike ønskje for kva dei vil oppnå som skribentar eller forfattarar. Nokre har alt gitt ut bøker, andre har lyst til å få ei bok utgitt, medan atter andre berre ønskjer å skrive godt utan at det dei skriv nødvendigvis skal publiserast.

Tilbakemeldingane er ikkje til å mistyde. Deltakarane rapporterer om eit givande kurs, ikkje berre med solid fagleg påfyll, men også mykje moro.

Kursdeltakarane

Deltakarane på Sogn og Fjordane Skrivelag sitt kurs kom frå tre fylke. Bak frå venstre: Åshild Margrete Østtveit Odéen (Austrheim), kurshaldar May Grethe Lerum, Agnes Pauline Thune (Selje), Lise Cathrin Slotsvik (Ellingsøy), Vegar Volle (Høyanger). Midtre rekkje frå venstre: Anne Marie Baugstø-Hartvigsen (Florø), Sigmund Haug (Nesttun), Monika Kvamme (Nordfjordeid). Framme frå venstre: Kari Leine Balog (Selje), Laura Marie Fure (Stadtlandet), Liv Ese (Balestrand), Elsa Norunn Håheim Nydal (Skei), Rune Hegrenes (Førde) og Johannes Eggen Mundal (Fjærland). (Foto: Ingvild Hegrenes)

Skrivekurs-gjengen-1

Mange av deltakarane nytta høvet til å vitje Selja, for å oppleve klosterruinane på øya, Sunniva-kjelda og vandre i eit område med historisk sus. (Foto: Lise Cathrin Slotsvik)

Skrivelaget gratulerer vinnarane av novellekonkurransen

vinnarane

Tre spirande talenter vann premie i skrivelagets novellekonkurranse. F.v. John Verkland (3. plass), Vegar Volle (1. plass), Ingeborg Sol Fure (2. plass). Med seg heim fekk dei pengepremiar og nydelege blomar sponsa av Førde Blomster.

Det er ein svært fornøygd jury som har hatt uventa mange og gode noveller å lese gjennom før dommen endeleg kunne falle. Skrivelaget er svært stolt over no å kunne presentere dei tre vinnarane av skrivekonkurransen, samt ei liste med forfattarar som får heiderleg omtale.

Førstepremien går til Vegar Volle, Høyanger, for novella Førstepremien Dette er ein gjennomført god og velskriven tekst som plasserer seg trygt innafor den klassiske novellesjangeren. Ikkje akkurat overtydeleg innafor temaet løyndom, men såpass at juryen meiner det held. Dette er ei historie som handlar om eit lett gjenkjenneleg frodig bygdemiljø. Ho er skildra med ironi og varme og i eit lett og ledig og dialektfarga nynorsk der gode replikkar og dobbelbotna dialog er viktige element som gjev handlinga fart og driv. Men samstundes ein ujamn og spenningsskapande rytme. Personane i forteljinga – karakterane i dette vesle dramaet – som forresten absolutt er meir komedie enn drama – er lett karikerte og skildra med ein brei og fargerik pensel. Og ikkje vær i tvil eit sekund: dette er personar du vil smile gjenkjennande til å møte. Og du veit at du vil møte dei i verkelegheita neste gong du er innom lokalbutikken. Det er kanskje denne vellukka blandinga av ei god historie, godt språk og treffsikker skildring som har sjarmert juryen til å gje den førstepremien. Det var i alle fall ikkje –som nokon kanskje kan komme til å tru – tittelen. Vegar Volle er 44 år gamal, kjem frå Sogndal, bur i Høyanger og arbeider til dagleg som journalist i avisa Ytre Sogn. I premie mottek han kr 3000,- og gratis deltaking på skrivekurs i regi av Sogn og Fjordane Skrivelag. Neste skrivekurs vert våren 2015, og med May Grethe Lerum som kursinstruktør er det eit kurs å glede seg til. Novella Førstepremien vil bli publisert i Fylkesmagasinet si juleutgåve, som kjem ut 18. desember. Les videre

Skrivelaget på Facebook

facebookDet var kanskje på tide no, at også Skrivelaget fekk seg ei Facebook-side. Vi har laga ei eiga side som alle kan like og følge. Der vil vi poste informasjon om kurs og andre arrangement i regi av Skrivelaget – og andre. Der vil også komme tips om nyhende, nettsider, osb. som er relevante for dei som likar å skrive og har lyst til å lære meir om skriving.

Lik oss på Facebook her, og inviter vennane dine til å gjere det same!