Wittgenstein-seminar 25. – 27. april

For fjerde gong blir det Wittgenstein-seminar på Walaker Hotell ved Sognefjorden. Dette er ikkje i regi av Skrivelaget, men sikkert interessant for mange skrivande menneske, då Wittgenstein er særleg kjend for sin språkfilosofi. Knut Olav Åmås er ansvarleg for innhaldet i seminaret. Du kan lese meir om seminaret, og om Wittgenstein, her.

Reklamer

Skrivekurs på Førde Hotell

Handfaste historier

Det vert skrivekurs på Førde Hotell helga 21.-23.mars. Temaet er “Handfaste historier” og er eit framhald av siste kurs, men det er ope for alle, ein treng ikkje ha vore med på fjorårets kurs for å henge med. Lærar vert Rolf Losnegård, han skulle vere kjent for det lesande og skrivande publikum i fylket. Vi startar fredag kl. 17.00. Kurset er ope for alle, men medlemene får det litt billegare, 400 kr. For ikkje-medlemer kostar det 700 kr. Eventuelt hotellopphald kjem i tillegg. For å vite kor mange som kjem er det ynskjeleg med påmelding innan 10.mars, anten til Helge som har tlfnr 93014663, eller til Olaug som har tlfnr 90141775
Vel møtt