Skrivelaget gratulerer vinnarane av novellekonkurransen

vinnarane

Tre spirande talenter vann premie i skrivelagets novellekonkurranse. F.v. John Verkland (3. plass), Vegar Volle (1. plass), Ingeborg Sol Fure (2. plass). Med seg heim fekk dei pengepremiar og nydelege blomar sponsa av Førde Blomster.

Det er ein svært fornøygd jury som har hatt uventa mange og gode noveller å lese gjennom før dommen endeleg kunne falle. Skrivelaget er svært stolt over no å kunne presentere dei tre vinnarane av skrivekonkurransen, samt ei liste med forfattarar som får heiderleg omtale.

Førstepremien går til Vegar Volle, Høyanger, for novella Førstepremien Dette er ein gjennomført god og velskriven tekst som plasserer seg trygt innafor den klassiske novellesjangeren. Ikkje akkurat overtydeleg innafor temaet løyndom, men såpass at juryen meiner det held. Dette er ei historie som handlar om eit lett gjenkjenneleg frodig bygdemiljø. Ho er skildra med ironi og varme og i eit lett og ledig og dialektfarga nynorsk der gode replikkar og dobbelbotna dialog er viktige element som gjev handlinga fart og driv. Men samstundes ein ujamn og spenningsskapande rytme. Personane i forteljinga – karakterane i dette vesle dramaet – som forresten absolutt er meir komedie enn drama – er lett karikerte og skildra med ein brei og fargerik pensel. Og ikkje vær i tvil eit sekund: dette er personar du vil smile gjenkjennande til å møte. Og du veit at du vil møte dei i verkelegheita neste gong du er innom lokalbutikken. Det er kanskje denne vellukka blandinga av ei god historie, godt språk og treffsikker skildring som har sjarmert juryen til å gje den førstepremien. Det var i alle fall ikkje –som nokon kanskje kan komme til å tru – tittelen. Vegar Volle er 44 år gamal, kjem frå Sogndal, bur i Høyanger og arbeider til dagleg som journalist i avisa Ytre Sogn. I premie mottek han kr 3000,- og gratis deltaking på skrivekurs i regi av Sogn og Fjordane Skrivelag. Neste skrivekurs vert våren 2015, og med May Grethe Lerum som kursinstruktør er det eit kurs å glede seg til. Novella Førstepremien vil bli publisert i Fylkesmagasinet si juleutgåve, som kjem ut 18. desember. Andrepremien går til Ingeborg Sol Fure, Førde, for novella Sommarfugl. Dette er ei uhyre sterk og – i eigentleg forstand – rørande historie om eit overgrepsoffer. Den er så sterk at einkvar kan kjenne seg fysisk uvel både under og etter lesinga. Denne svært nærgåande skildringa, dyktig fortalt i eit effektivt og direkte språk, er den store styrken – men kanskje også eit vanskeleg punkt i forholdet mellom tekst og lesar. Med berre så vidt eit lite håp – eit lys i tunnellen – mot slutten – og det er her novella knyter seg til temaet fridom – så spenner denne historia lesaren si tåleevne for det håplause og det mørke i tilværet. Dette dilemmaet er samstundes ein spennande prinsipiell verdi ved teksten: skal litterær kvalitet vere frigjord frå evt. etiske, politiske og menneskelege konsekvensar og implikasjonar? Jamfør debatten om Peter Handke og Ibsenprisen. Dette er ein større debatt som juryen ikkje har gått inn i, men nøyer seg med å konstatere at forfattaren – med nokre minus for ei litt klisjeprega skildring av ein av personane og ein litt enkel slutt – syner stor språkleg meistringsevne og er uredd og dristig i si formidling av dette vanskelege stoffet. Ingeborg Sol Fure er 34 år gammal og kjem opprinnelig frå Måløy, men har budd i Førde sidan 2004. Der driv ho Vero Moda/Jack&Jones-butikken på Handelshuset. I premie mottek ho kr 2000,-

Tredjepremien går til John Verkland, Florø/Volda, for novella Døden på døren. Dette er ei veldreia og spennande krimnovelle, dyktig oppbygd og med ein overraskande slutt. Overraskande fordi forfattaren på overtydande vis greier å få oss til å sjå i feil retning etter gjerningsmannen og også på den måten syner eit godt grep om sjangeren. Temaet løyndom er ivareteke – det er jo eikvar kriminalhistorie sitt vesen å avsløre ein løyndom. Forfattaren har eit godt og effektivt språk som gjev forteljinga fin fart og flyt. Klar og korthoggen dialog. Lite overflødig, bortsett frå nokre setningar mot slutten. Alt i alt eit stykke godt litterært handverk. John Verkland er ein 23 år gammal forfattar, opprinneleg frå Møre og Romsdal, men nyleg gifta han seg med ei jente frå Florø og flytta dit. Akkurat no studerer dei begge i Volda. I premie mottek han kr. 1000,-

Heiderleg omtale

Lista over noveller og forfattarar som juryen kunne ynskje seg å ta med her, er eigentleg veldig lang. Men ein plass må grensa gå, og her er dei – i tilfeldig rekkjefølgje – som utmerka seg aller mest.

Beklagar, eg risikerer ikkje sykkelbot av Solveig Villung Dette er ein svært interessant tekst på grensa til ein annan sjanger, nemleg poesi. Den er skriven i eit intuitivt, utforskande og metaforrikt språk som vitnar om stor språkleg vitalitet og meistringsevne. Diskusjonen i juryen tyder på at dette er ein tekst som ein enten blir hekta på eller avviser. Den er utfordrande, nokon vil seie at den er vanskeleg tilgjengeleg. Men det er eit trekk ein i alle fall ikkje kan ta frå denne teksten – og som i alle fall enkeltmedlemmer av juryen syns er eit viktig poeng: det er ein ung, spennande og litterært engasjerande tekst. Solveig Villung er 17 år og frå Sandane.

Den tynne tråden av Ingrid Bolstad Det er særskilt det spennande og originale språket som gjer at denne teksten utmerkar seg. Novella gjev ei levande og sår skildring av den brytningstida som tenåra kan vere, og ho er komponert slik at lesaren litt etter litt sjølv kan setje saman brikkane i liva som vi får innblikk i. Det er ein kompleks og uføreseieleg forteljing om å finne saman og å lausrive seg, om å kjenne seg annleis, og om foreldre som ikkje heilt klarer å vere foreldre. Slutten er kanskje litt for enkel, og nokre av elementa kan verke litt umotiverte, men det tek forfattaren att med god flyt, sprelsk språk, fin biletbruk og ei tydeleg stemme. Ingrid Bolstad er 14 år og frå Førde.

Fridom av Unni Sørland Pedersen Denne teksten skil seg ut fordi den er skriven i sjangeren brev-roman, men her i ei ny og dagsaktuell form – ei SMS-novelle. Denne forma skapar spenning fordi lesaren sjølv må gisse seg til kva som skjer mellom meldingane, samstundes som det gjev historia eit skinn av realisme. Juryen meiner det er eit friskt og spennande grep, som eit stykke på veg er godt utnytta til å fortelje om eit kjenslevart forhold mellom ein elev og ein lærar og eit vanskeleg, personleg problem. Juryen set eit spørjeteikn ved realismen i lærarens handlemåte og kunne ønske seg ein litt strammare struktur på teksten, men meiner at den alt i alt fortener å bli trekt fram som ei god og engasjerande novelle med ein original vri. Unni Sørland Pedersen er fødd og oppvaksen i Eid, i Sogn og Fjordane. Ho bur i Ørsta på Sunnmøre, men er ofte på hytta i Selje eller vitjar familie i Sogn og Fjordane.

Den skeive dagen av Ingrid Bjørkum I denne novella vert vi først og fremst godt kjende med og får stor sympati for hovudpersonen. Vi følgjer ho gjennom ein dag, nemleg bursdagen hennar, men gjennom fleire tilbakeblikk får vi gradvis vite om hendingar i oppveksten som har satt sitt preg på ho og familien. Løyndomen ho skjuler for venninna si bind saman forteljinga, og skapar ytterligare spenning i teksten. Med eit språk som flyt godt og mange røyndomsnære detaljar, beherskar forfattaren godt å male opp levande og truverdige karakterar og situasjonar.

Hjartelenkjer av Aurora Eide Eigentleg er kvart menneske åleine, og når ingen ser, ingen høyrer det desperate skriket ein slepper ut, kva då? Benjamin og Frida er vener, far til Benjamin hatar han og slær han, i fylla. Frida freistar å trøyste, men dette vert meir enn ho rår med, og ho rømer inn i skulearbeid og matteprøver. Språket er godt, novella er velskriven, med nokre få, originale metaforar, slik som glefsande bølgjer. Dette er ei sterk historie om skuldkjensle – svik eg–personen venen Benjamin, til fordel for matematikken? Aurora Eide er 16 år.

Advertisements

One thought on “Skrivelaget gratulerer vinnarane av novellekonkurransen

  1. Tilbaketråkk: Tredjeplass i novellekonkurranse - John Verkland

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s