Skrivekurs i Selje: Soger og sanning i Sunniva sine spor

selje

Å skrive forteljingar kan vere som å setje til havs utan årer og segl. Blir du med på skrivekurs i Selje, får du både utforske dei kreative bølgjene, men også lære å snikre ein båt som held. May Grethe Lerum, bestseljande forfattar og gjestelærar på Skrivekunstakademiet, loser oss gjennom helga og lover å by på både inspirerande skriveleik og praktiske forfattarverktøy. Her vil du få gode reiskap som held ute på det ville hav, samstundes som du får høve til å la deg drive med straumen. Kurset passar for skribentar på alle nivå, frå nybyrjarar til røynde skribentar, og for alle aldersgrupper frå ungdom til pensjonist.

Tid: 20. – 22. mars 2015

Stad: Selje Hotel

Pris: Kursavgift: 700,- for ikkje-medlemmar, 500 for medlemmar. Overnatting og full pensjon på Selje hotell fredag-søndag: 2000,- per person i dobbeltrom, 2400,- per person i enkeltrom.

Påmelding: Send e-post til anne.marie@xox.no eller ring/SMS til 957 55 499. For å lette administrasjonen ber vi om at kursavgift vert innbetalt via bank. Betalast til kontonr 0540.06.73693 og merkast med namn på deltakar(ar). Overnatting/pensjon betalast direkte til hotellet. Gje beskjed ved påmeldinga om kva romtype du ønsker.

Tilkomst: Til Selje kjem du enklast med bil/buss eller med hurtigbåt frå Bergen/Florø. For dei som kjem langvegsfrå, går det også fly til Florø, Sandane og Ørsta/Volda. Vi kan hjelpe til med transport frå/til flyplass dersom det er behov for det. Sjå også informasjon om tilkomst til Selje Hotel.

Program: Kurset startar fredag kveld/ettermiddag, men deltakarane kjem etter kvart som det passar kvar enkelt. Mat vil vere tilgjengeleg utover kvelden. Fredag byr på uformelle samlingar, og deltakarane får oppgåver å jobbe med til neste dag. Formelle samlingar startar laurdag morgon, og kurset varer offisielt til kl 15 på søndag (fleksibel avreise etter behov for kvar enkelt). Detaljert kursprogram vert tilgjengelig nærare kursstart, men det vil veksle mellom sjølvstendig arbeid, fellessesjonar og gruppearbeid. Alle skal vere i skrivebobla frå vi kjem til vi drar!

Oppgåve: Ei veke før kurset vil May Grethe gjerne ha eit stykke tekst frå deltakarane, helst minst eit par sider med heilt nyskrivne ord. Vi skal ha ei felles inspirasjonskjelde, symbolisert ved legenda om St. Sunniva. Den finn de her, i kortform, slik Den katolske kyrkja presenterer ho: http://www.katolsk.no/biografier/historisk/sunniva Du kan skrive kva du vil! Kanskje er du inspirert av dei store livsvala ho måtte gjera, om korleis det er når ein kjenner seg i ein båt utan segl og årer? Du kan skildre landskapa ho skal ha vandra i, eller du kan dikte ei heilt annarleis Sunniva – slik May Grethe gjorde i romanen «En gave fra solen». Du kan plassere helgenen i kva tid du vil, men helst ikkje utanfor Selje. Tekstutdraget ditt vil ikkje bli delt med andre deltakarar utan ditt samtykke, det er meir for å gje meg høve til å førebu mogelege tips og innspel til kvar og ein av dykk – og kanskje til hjelp når programmet vert lagt opp. Send til maylerum (krøllalfa) gmail.com

Unge skribentar vert særskilt oppmoda til å melde seg på.

Reklamer