Skrivestafett 2016

I februar 2015 avslutta vi diktstafetten. Den blei starta av Kjartan Hatløy og var innom mange av skrivelaget sine medlemmar, og også andre skriveglade, før den blei avslutta etter 50 strofer. Heile diktet finn du her.

Det er May Grethe Lerum som har forfatta første del av årets skrivestafett. Ho tek oss med til Gardermoen, og der, på gate 19, møter vi ein mann i grå dress, ei tobarnsmor med bør og ein skrivar som er fanga av setningar. Alle ventar dei på eit fly som skal til Sogn og Fjordane. Eller? Og kva skjer når ei dame i grønt informerer om at flyet er forsinka?

Her i frå og ut er det opp til medlemmane i skrivelaget å lose handlinga vidare. Til kva, er det ingen som førebels veit.

Stafetten går føre seg i skrivelaget si lukka facebookgruppe  og har nokre få, men viktige kriterier:
– Du kan skrive frå 3 til 10 setningar.
– Hald deg til forteljinga.
– Setningane sender du til ein av styremedlemmane innan 3 dagar.
– Når du har sendt inn ditt bidrag, må du sende utfordringa vidare til ein annan av medlemmane i laget. Dette også om du ikkje vil, eller har tid til å ta utfordringa.

Dei av medlemmane som ikkje er på Facebook, men som likevel vil vere med i stafetten, må gi eit pip til styret.

Skriv, vestlendingar, skriv!

Skrivestafetten er no avslutta.

May Grethe Lerum har skrive siste etappe etter at 16 av medlemmane har bidrege. Heile den spesielle forteljinga kan du lese her: Skrivestafett 2016
Advertisements

One thought on “Skrivestafett 2016

  1. Tilbaketråkk: Skrivestafett 2016, Gate 19 | Sogn og Fjordane Skrivelag

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s