Sukkersalta pepar

Sukkersalta pepar er tittelen på skrivelaget sin nyaste antologi. Her finn du 21 nyskrivne tekstar frå kjende og ukjende forfattarar frå skrivelaget. Blant desse finn du Rolf Losnegård, Kjartan Hatløy og May Grethe Lerum.

SP_framside2

Bli med på boklansering 2. april i Førde, på jubileumssamlinga til skrivelaget! Her får du høyre utdrag frå antologien og sikre deg boka til jubileumspris kr 150,- (ord. pris 175,-).

Det er også mogleg å tinge boka til jubileumspris her fram til 3 april.

 

Advertisements

Velkommen til jubileumsfest!

//Støtta av Nynorskbyen og «Rom for ord»

Jubileumsfest2

Skrivelaget har runda 30 år, og det vil vi feire med jubileumssamling, festmiddag og bokslepp av vår nyaste antologi. Alt vil foregå i Førde 2. april. Vi startar med årsmøte for medlemmene (gratis lunsj), før vi opnar opp for alle som har lyst til å delta på foredrag av mellom anna Marit Bendz og Selja Forlag. Det faglege programmet rundast av ved at Marit Bendz bokbadar Knut Magnussen, før vi samlast til festmiddag. Undervegs får du høyre smakebitar frå antologien, og det vert høve til å kjøpe boka til ein gunstig pris.

Påmeldingsfrist er 28. mars, men alle som melder seg på innan 18. mars er med i trekkinga av ein gratis antologi.

Så ikkje nøl – meld deg på no og gled deg til ein spennande og kjekk dag i lag med skrivelaget sine medlemmar og andre skriveglade.

Gullfunn i Selje

20. – 22. mars var 13 deltakarar frå store delar av fylket, og jamvel frå grannefylka nord og sør for oss, samla til kurs med May Grethe Lerum som kurshaldar. Lerum er sjølv ein mykje publisert forfattar, litteraturkritikar og forlagsredaktør.

– Det er ikkje ofte eg opplever at alle deltakarane på eit skrivekurs leverer tekstar av høg kvalitet, men det var verkeleg tilfellet i Selje. Her var det gull å finne, seier Lerum, som mellom anna fortalde om kva som skal til for å skape historier som held på lesaren, korleis bruken av adjektiv verkar inn, kvar ein kan få hjelp og inspirasjon til å kome vidare som forfattar, og litt om korleis ein kan gå fram i møte med forlag om ein ønskjer å få gitt ut ei bok.

Sunniva-sola si gåve

Før kurset hadde deltakarane sendt inn kvar sine tekstar inspirert av legenda om Sankta Sunniva. Namnet Sunniva tyder «sola si gåve». (Foto: Lise Cathrin Slotsvik)

Mellom øktene brukte deltakarane tida på å bli betre kjende med kvarandre og utveksle erfaringar. Før kurset hadde dei sendt inn kvar sine tekstar inspirert av legenda om Sankta Sunniva. Laurdag nytta mange av dei høvet til å vitje Selja, for å oppleve klosterruinane på øya, Sunniva-kjelda og vandre i eit område med historisk sus. I nydeleg vêr vart dette ei flott oppleving.

I nydeleg vêr vart turen til Selja ei flott oppleving. Her er deltakarane på veg om bord i Klosterbåten for å returnere til fastlandet. (Foto: Lise Cathrin Slotsvik)

I nydeleg vêr vart turen til Selja ei flott oppleving. Her er deltakarane på veg om bord i Klosterbåten for å returnere til fastlandet. (Foto: Lise Cathrin Slotsvik)

Deltakarane var i alderen 14 til 85 år, og dei utforskar ulike litterære retningar. Dei har også ulike ønskje for kva dei vil oppnå som skribentar eller forfattarar. Nokre har alt gitt ut bøker, andre har lyst til å få ei bok utgitt, medan atter andre berre ønskjer å skrive godt utan at det dei skriv nødvendigvis skal publiserast.

Tilbakemeldingane er ikkje til å mistyde. Deltakarane rapporterer om eit givande kurs, ikkje berre med solid fagleg påfyll, men også mykje moro.

Kursdeltakarane

Deltakarane på Sogn og Fjordane Skrivelag sitt kurs kom frå tre fylke. Bak frå venstre: Åshild Margrete Østtveit Odéen (Austrheim), kurshaldar May Grethe Lerum, Agnes Pauline Thune (Selje), Lise Cathrin Slotsvik (Ellingsøy), Vegar Volle (Høyanger). Midtre rekkje frå venstre: Anne Marie Baugstø-Hartvigsen (Florø), Sigmund Haug (Nesttun), Monika Kvamme (Nordfjordeid). Framme frå venstre: Kari Leine Balog (Selje), Laura Marie Fure (Stadtlandet), Liv Ese (Balestrand), Elsa Norunn Håheim Nydal (Skei), Rune Hegrenes (Førde) og Johannes Eggen Mundal (Fjærland). (Foto: Ingvild Hegrenes)

Skrivekurs-gjengen-1

Mange av deltakarane nytta høvet til å vitje Selja, for å oppleve klosterruinane på øya, Sunniva-kjelda og vandre i eit område med historisk sus. (Foto: Lise Cathrin Slotsvik)

Skrivekurs i Selje: Soger og sanning i Sunniva sine spor

selje

Å skrive forteljingar kan vere som å setje til havs utan årer og segl. Blir du med på skrivekurs i Selje, får du både utforske dei kreative bølgjene, men også lære å snikre ein båt som held. May Grethe Lerum, bestseljande forfattar og gjestelærar på Skrivekunstakademiet, loser oss gjennom helga og lover å by på både inspirerande skriveleik og praktiske forfattarverktøy. Her vil du få gode reiskap som held ute på det ville hav, samstundes som du får høve til å la deg drive med straumen. Kurset passar for skribentar på alle nivå, frå nybyrjarar til røynde skribentar, og for alle aldersgrupper frå ungdom til pensjonist.

Tid: 20. – 22. mars 2015

Stad: Selje Hotel

Pris: Kursavgift: 700,- for ikkje-medlemmar, 500 for medlemmar. Overnatting og full pensjon på Selje hotell fredag-søndag: 2000,- per person i dobbeltrom, 2400,- per person i enkeltrom.

Påmelding: Send e-post til anne.marie@xox.no eller ring/SMS til 957 55 499. For å lette administrasjonen ber vi om at kursavgift vert innbetalt via bank. Betalast til kontonr 0540.06.73693 og merkast med namn på deltakar(ar). Overnatting/pensjon betalast direkte til hotellet. Gje beskjed ved påmeldinga om kva romtype du ønsker.

Tilkomst: Til Selje kjem du enklast med bil/buss eller med hurtigbåt frå Bergen/Florø. For dei som kjem langvegsfrå, går det også fly til Florø, Sandane og Ørsta/Volda. Vi kan hjelpe til med transport frå/til flyplass dersom det er behov for det. Sjå også informasjon om tilkomst til Selje Hotel.

Program: Kurset startar fredag kveld/ettermiddag, men deltakarane kjem etter kvart som det passar kvar enkelt. Mat vil vere tilgjengeleg utover kvelden. Fredag byr på uformelle samlingar, og deltakarane får oppgåver å jobbe med til neste dag. Formelle samlingar startar laurdag morgon, og kurset varer offisielt til kl 15 på søndag (fleksibel avreise etter behov for kvar enkelt). Detaljert kursprogram vert tilgjengelig nærare kursstart, men det vil veksle mellom sjølvstendig arbeid, fellessesjonar og gruppearbeid. Alle skal vere i skrivebobla frå vi kjem til vi drar!

Oppgåve: Ei veke før kurset vil May Grethe gjerne ha eit stykke tekst frå deltakarane, helst minst eit par sider med heilt nyskrivne ord. Vi skal ha ei felles inspirasjonskjelde, symbolisert ved legenda om St. Sunniva. Den finn de her, i kortform, slik Den katolske kyrkja presenterer ho: http://www.katolsk.no/biografier/historisk/sunniva Du kan skrive kva du vil! Kanskje er du inspirert av dei store livsvala ho måtte gjera, om korleis det er når ein kjenner seg i ein båt utan segl og årer? Du kan skildre landskapa ho skal ha vandra i, eller du kan dikte ei heilt annarleis Sunniva – slik May Grethe gjorde i romanen «En gave fra solen». Du kan plassere helgenen i kva tid du vil, men helst ikkje utanfor Selje. Tekstutdraget ditt vil ikkje bli delt med andre deltakarar utan ditt samtykke, det er meir for å gje meg høve til å førebu mogelege tips og innspel til kvar og ein av dykk – og kanskje til hjelp når programmet vert lagt opp. Send til maylerum (krøllalfa) gmail.com

Unge skribentar vert særskilt oppmoda til å melde seg på.

Skrivelaget gratulerer vinnarane av novellekonkurransen

vinnarane

Tre spirande talenter vann premie i skrivelagets novellekonkurranse. F.v. John Verkland (3. plass), Vegar Volle (1. plass), Ingeborg Sol Fure (2. plass). Med seg heim fekk dei pengepremiar og nydelege blomar sponsa av Førde Blomster.

Det er ein svært fornøygd jury som har hatt uventa mange og gode noveller å lese gjennom før dommen endeleg kunne falle. Skrivelaget er svært stolt over no å kunne presentere dei tre vinnarane av skrivekonkurransen, samt ei liste med forfattarar som får heiderleg omtale.

Førstepremien går til Vegar Volle, Høyanger, for novella Førstepremien Dette er ein gjennomført god og velskriven tekst som plasserer seg trygt innafor den klassiske novellesjangeren. Ikkje akkurat overtydeleg innafor temaet løyndom, men såpass at juryen meiner det held. Dette er ei historie som handlar om eit lett gjenkjenneleg frodig bygdemiljø. Ho er skildra med ironi og varme og i eit lett og ledig og dialektfarga nynorsk der gode replikkar og dobbelbotna dialog er viktige element som gjev handlinga fart og driv. Men samstundes ein ujamn og spenningsskapande rytme. Personane i forteljinga – karakterane i dette vesle dramaet – som forresten absolutt er meir komedie enn drama – er lett karikerte og skildra med ein brei og fargerik pensel. Og ikkje vær i tvil eit sekund: dette er personar du vil smile gjenkjennande til å møte. Og du veit at du vil møte dei i verkelegheita neste gong du er innom lokalbutikken. Det er kanskje denne vellukka blandinga av ei god historie, godt språk og treffsikker skildring som har sjarmert juryen til å gje den førstepremien. Det var i alle fall ikkje –som nokon kanskje kan komme til å tru – tittelen. Vegar Volle er 44 år gamal, kjem frå Sogndal, bur i Høyanger og arbeider til dagleg som journalist i avisa Ytre Sogn. I premie mottek han kr 3000,- og gratis deltaking på skrivekurs i regi av Sogn og Fjordane Skrivelag. Neste skrivekurs vert våren 2015, og med May Grethe Lerum som kursinstruktør er det eit kurs å glede seg til. Novella Førstepremien vil bli publisert i Fylkesmagasinet si juleutgåve, som kjem ut 18. desember. Les videre

Inspirasjonshelg/skriveverkstad med May Grethe Lerum

May Grethe Lerum, kjend forfattar og medlem i skrivelaget, inviterer til inspirasjonshelg på vakre Sørheim i Sogn.

* Har du mange sider tekst, men er usikker på korleis den skal redigerast?

* Kanskje finst det berre nokre hjartegode notater i skuffen eller på PC-en din?

* Fekk du avslag frå eit forlag, men vil ikkje gje opp?

* Har du rett og slett ein god bok-idé, og treng hjelp til å koma i gang?

… eller er du ein etablert forfattar som treng inspirasjon og fagleg påfyll?

Du er velkomen til ei eksklusiv skrivesamling i privat og triveleg miljø. Ei lita gruppe skribentar får både personleg oppfølging, inspirasjon, og utvida kunnskap om skrivehandverket. Målet er at deltakarane skal koma mange steg vidare på vegen mot ferdig manuskript.

Last ned: Program og meir informasjon  —  Påmeldingsskjema – eller besøk kurset sin Facebookside for oppdatert informasjon.

Merk: Dette er ikkje eit kurs arrangert av Sogn og Fjordane Skrivelag, men av May Grethe Lerum privat. Har du spørsmål, kontakt May Grethe.