Diktstafett

Foto: Ausevikas venner

Foto: Ausevikas venner

Oppdatering 19. februar 2015: Speidarane har observert dei fyrste solstrålane i Ausevik, og diktstafetten som vart starta av Synnøve Herstad og Ausevikas venner vert no avslutta. Det har vore ei reise i tid og rom, både tematisk og rundt om i fylket, etter kvart som stafettpinnen har vorte sendt vidare frå skald til skald. Kjartan Hatløy sette startsskotet med vide, opne verseliner, og seinare har referansane gått både til helleristingane i Ausevik, natur og årstider, djupe menneskelege kjensler og lettare, humoristiske betraktningar. Når vi no set sluttstrek har diktet fått 50 strofer, og blant bidragsytarane finn vi både ordførar Bengt Solheim-Olsen, fylkesordførar Åshild Kjelsnes og litteraturprofessor Idar Stegane.

——————————————————————————-

Dette var kriteriane:

  • Diktet skal vere eit kjededikt.
  • Du skal skrive ei strofe, der den fyrste verselinja skal starte med same setning eller innehalde nokre av orda som den førre strofa starta med.
  • Strofa skal ha mellom 4 og 6 verselinjer.
  • Diktet kan skrivast på frie vers eller rim.
  • Den som har skrive ei diktstrofe, skal utfordre ein ny person til å skrive den neste.
  • Strofa må vere Skrivelaget i hende og ein ny skald utfordra innan 3 dagar.
  • Du må vere frå Sogn og Fjordane eller ha tilknytning til fylket.
  • Dikta vert publisert på heimesida til Sogn og Fjordane Skrivelag www.skrivelaget.com. Diktaren kan sjølv skrive bidraget sitt direkte inn som kommentar på denne sida (så oppdaterer vi diktet), eller sende det til Synnøve Herstad (synnove.herstad@hotmail.no).

Diktstafetten skal vare til medio februar, då sola kjem attende til Ausevik etter eit fråver på 8 veker. Det ferdige diktet vert publisert på Solfest i Ausevik til ære for bergkunsten, diktet og sola!

Media vil følgje opp diktstafetten og på den måten hjelpe oss med å nå målet.

———————————————————————————————–

 

Her kan du lese heile diktet.

 

Noregs lengste dikt

 

1.

Vi alle som er her

dette vi kallar dagane våre er enno ikkje slegne sund av æva sin brenning

ikkje berre vi er komne

men og januar i si mest stjerneklåre natt.

Kjartan Hatløy

 

2.

Januar i si mest stjerneklåre natt

då ligg over berga etterklangen

frå dei som hogg sin otte og si von og si tru

føler vi ærefrykta

for dei som var her ein gong.

Edvin Helgheim

 

3

Dei som var her ein gong

desse som lo og jobba, song og gret og teikna i sin eigen vesle flik av tid

som vi gjer no

ser vi attende og i ein spegel.

Anne Marie Baugstø-Hartvigsen

 

 

 

4

Eg ser attende og i ein spegel,

høyrer ekko frå den fyrste melodi,

ikkje lyden i frå bølgesus og trommer,

ikkje larmen frå ein jegers fantasi,

men rytmane og vare, mjuke tonar –

eg ser ei mor som voggar barnet sitt i søvn.

Synnøve Herstad

 

5

På tunet sit ei mor og voggar barnet sitt i søvn

kallen er ingen stad å sjå

han er faren langt

på jakt; svolten, sigen og dorsk

ein veidemann i fullmånens ljos.

Bengt Solheim Olsen

 

 

 

 

 

 

 

6

Men fullmånens ljos vert for veikt

for han som vil følgje hjortetrakket

Nett som å spore

i sjela sine irrgangar

Du klarar aldri å følgje

faret heilt fram.

Svend Arne Vee

 

7

Det faret som fører heilt fram

fram til ei strand.

Inngangsporten til havet

havet som lokkar og kallar

med løfte om ferder på spegelblanke flater

ferder mot fjerne strender.

Solveig Willis

 

 

 

 

 

 

 

8.

Veidemann med vågemot

løyser seglet, styrer mot det opne hav

Når kvalen dukkar opp frå djupe kav,

blir alle med på blot

Då skal svoltne snart få ete magen full

og veidemannen krøkje armen rundt sitt gull

Gunnar Stavøstrand

 

9

Men rimfrostrosene blømer i måneskinnsnatta

og blir knuste av veidemanns steg i brenningsæva,

singlar glitrefrø til morgonstunda

og slær rot i fuglesongen

Elsa Norunn Håheim Nydal

 

10

Og fuglesongen ber dei mange glitrefrø

opp frå jordisk lyng og mose

opp dit ingen veidemann kan trø

og til høgder ingen før har sett

der dei singlar i ein makelaus ballett

med den vakre Tornerose.

Sigrunn Stokkenes

11

Vakre Tornerose vakna frå sin djupe søvn

og finn at livet der ute

går vidare utan ho,

tek dei første stega ut i røynda,

møter frisk vind

ange frå mange eple

ser dansen av viltre born

i lauvfallet.

Er det dette eg gjekk

glipp av

i mitt opphøgde tårn?

Ho set foten ut på nyfalle lauv

og merkar dei virvlar opp

Laura Marie Fure

 

12

Fallande lauv

i svimlande flukt mot undergangen.

Dei har hatt ein sommar

med liv og med varme.

No er det frost

og doggdropegråt.

Helge Årøen

 

13

Greinene speglar seg i doggdropane

i vasshølane langs grøftekanten

himmelen varslar haust og stearinlyskveldar

frostmørkret kryp nærare

Olaug A Haugen

 

14

krypande mørker fyller krær

krokne greiner utan bær

våge

ville

vere nær

Connie Hamre

 

15

nær nok, mot vêret

der båtane bryt bølgjer

der tankane vender verda

nær nok, til eg fangar lyset

varsamt viser vegen heim

Wenche Liljedal

 

16

heim, dit alt ventar.

også det som ein gong var

heim, der berre lengsel bur

Vinteren ligg og vakar

med klo og tanna klar

Eg drøymer om ein ny dag

Roy Sunde

 

17

Eg drøymer om eit nytt lys

strålande som stjernene

blenkande som bølgene

for dei kan ingen fange

Men alle vi som er her, vil jage etter det

Marita Liabø

18

Og alle vi,

skal spele på våre strengar

blande svarte og kvite tangentar

opp på fjell, og ned i dal

vi veit aldri kva som ventar

Freddy Liabø

 

19

Vi veit aldri kva som ventar

I medan jagar vi

etter det som ikkje vil jagast

til tonane som passar oss

Vi fer vilt i jakta

Mørke stille vinternatta

lokkar meg

Trine Lill Liabø

 

20

lokka av natta

trør feil

forsiktig. Stilt vidare

fer varsamt gjennom

fura landskap

av skam

Randi Naustdal

 

 

 

 

 

 

21

av skam vi driv

melodisk og lengtande

aleine, men saman

som krystallar i lufta

eit stille liv

Silja Oda Solheimslid

 

22

Eit stille liv har nett begynt,

eit liv utan stell og styr,

utan andre rytmar og rutinar enn skifte i lys og vêr

og skifte i eige sinn.

Om ei stund er der slett ikkje skifte

og slett ikkje liv

Erik Torp Nilssen

 

 

 

 

 

 

 

23

Ikkje liv er liv,

slik sol, vind og vatn vever

strofer av liv

mellom gras, stein og skog i æver

av døyande dans.

Arnstein Sandbakk

24

I endelaus dans

av daudt lauv som dansar og driv

– dansar og driv –

og legg seg til kvile.

Men under ligg livet klaka

i tela jord.

Astrid Marie Fossøy

 

25

I tela jord

er livet si mor

som ventar ein vår

det nye livet vaknar

kulden si isklo raknar

den trugne bonden sår.

Kristen Ormberg

26

Den trugne bonden sår

ei von om tjukke røter

åt dei som varsomt går

med mjuke barneføter

mot han i levde år

og med sut om nye kår

Sigrid Hesjevoll

 

27

Og med sut om nye kår

vatna han jordi med sveitte

laga felle av hestehår

og håpa på ei lette

Marit Aakre Tennø

 

 

 

 

 

 

 

 

 

28

Han går på innmark og vonar på ei lette.

Men me som les diktet, me veit dette:

at vinden ifrå høgre ikkje snur,

at saman er me sjeldan norsk natur,

at han vil gløyme henne som han aldri møtte,

at fargestiftane er så jækla trøytte.

Så han får gå, medan me som les, me skjønar

at livet finst, medan diktet skrønar.

Eli Bjørhusdal

 

29

Livet finst i alt som spirer
Sola snur, ho mot oss flirer
Vatn renn forbi
Isen er på gli
smeltar, for ei ny tid

Lena Skjerdal

 

 

 

 

 

30

og i den nye tida
følgjer noko av det gamle
røtene til det store treet
går ned og inn i jord og grunn
medan greinene strekkjer seg
ut og opp
mot sol og univers
slik songen djupt inni meg
har slege rot
og mognast
før han spirar og sameleis vil
ut og opp
for å vøla sår
og for å skapa

Kari Malmanger, Sogndal

31

Skapa samhald og gode kjensler,
kjensle av å høyre til.
Å sitja stille ved fjordens alter,
og høyra vinden kviskra,
at det er sant,
Ausevika er ei heilag strand.

Olaug Høydal

 

 

32

Mot heilag strand kjem bølger –
når opp
mot strandblomeknopp –
Sjøsprøyt treffer blomefrø –
Ei tåre renn for frøets framtid –
Atten somrar sterk og from –
men også sårbar veik –
Midja veks av kjærleik –

Grete Apalseth

33

Kjærleik frå livets start.
Jorda som ropar
sjå meg, høyr meg!
Spira strekkjer seg mot vår
Eit liv er i ferd med å bli til,
eit liv av det praktfulle

Inngunn Alice Fanebust

34

Eit liv av dei praktfulle
utvida frå det innelukka,
sprengjer seg gjennom generasjon og gen.
Koder seg om til nye moglegheiter.

Åshild Odeen

35

Eit liv av dei praktfulle som bryt seg gjennom alt.
Frå generasjon til generasjon, gen til gen.
Havet i øyret
Tidevatnet i blodårene.

Åshild Odèen

36

Tidevatnet slår fram og attende.
Bårene slår taktfast mot land,
mann og kvinne hand i hand.
Andleta mot himmelen vender.

-Magrethe Hatleset

37

Og himmelen over seg kvelver,
vår kunstarv på Auseviks sva
der sjaman og veidefolk møttest
i Høydalsfjorden ligg denne stad.

– Oddvar Karlsen-

 

 

 

 

38

Ei saga ligg over Staden,
fortel om ei eldgammal tid.
Vi går der med undring og age
tenkjer på urfolkas strid.
Dei rita på berga ein biletskatt,
i glede dei dansa kvar gong sola kom att.

– Haldis Terøy-

39

I glede dei dansa,
i glede vi dansar,
i kveld sola atter glader
over stranda og havet og berget
og alt liv som med lyset slår rot.

Steinar Karlsen og Margit Vangdal

40

Lyset slår rot i alt som lever
Gjev lovnad om grøde og vekst
for oss og for dei vi følgjer etter
Vi haustar av det dei sådde
Slik møtest vi på tvers av tid og æve

Ellisif Gjestland

 

 

41

Atter veks det av det dei sådde.
Nye gleder. Ny sorger.
På tvers av tida veks det ny von –

– å gå på same stiar som dei føre,
gå i det vanskelege, det vonde, i saknet,
og jamvel sleppe lyset gjennom.

Cecilie Udberg Helle

 

42

Og jamvel sleppe lyset gjennom
om skodda ligg der tung og grå.
Må Ausevik, bygdas dronning
sitt eige minnesmerke få.
Din bergkunst ligg der som opne sår
gjennom storm og regn di fortid står.

Olaug Elise Alvheim

 

 

 

 

 

43

Opne sår eller fotefar; vi set spor
varme og trygge, skarpe og stygge
ord til kvarandre
som står
eller grev
eller lindrar
slår
så dei hindrar
hand å nå hand
liv å slå rot.
Berre isen kan skure det bort

Erik Torp Nilssen

44

Isen skurar berget glatt
løfter store steinar
Sig fram, dreg seg attende
aldri kvilande
Som kjærleiken min til deg
glattar ut, ber over med
eller knuser
Elskar, elskar ikkje?

Ingebjørg

 

 

45

Spørsmålet stiller på glatta utan piggar
og treng fart for å møte veggen
som enno ikkje er mur eller fløyel
men snart vil bli
svaret du fryktar og lengtar etter

Anonym

46

Elskhug – gamalt ord – gamal tanke – or ævetid
Gamal tid lang – steintid lenger
Ause – tid
Gamal sed, gamal tru – rita i stein
Ny tid stuttlevd.

Arnulf Gjestland

47

For han som styrer tida er ein dag som tusen år,
tusen år som ein dag.
Og her står vi
og trur det er oss sola skin for.

Ellisif Gjestland

 

 

 

48

Ein dag er som tusen år
det som vert er det som var
meldingar må sendast
spørsmål må få svar
om vi høgg dei inn i fjellet
eller sender over nettet
håpet er det same
at svaret vert det rette.

Atle Stavik

 

49

Svaret vert det rette
når vi forskar og finn,
langt attende,
granske forfedrene sitt sinn.
Vi legg oss på hjarta
kva deira virke har gjort for oss
skal tru om dei klaga over vêret,
slik som vi,
tru om dei klaga når vinteren vart hard,
kan nokon gje oss svar på dei spørsmål som vi har?

Aldis Grytten Sund

 

 

50

Svara ligg der, skjult mellom rissa berg
Vi fyllest med undring-
koss var det på denne tid?
Og medan vi står, stille og beundrar,
kjem det til oss
stemmer og lukter frå ei svunnen tid

Liv Torsvik Myrvollen

51

Stemmer og tonar frå ei svunnen tid
Minnet om båten som glei forbi
Glade jenter med gitar og fiskesnøre
Sommarkveld, havblikk og livet framføre
Kan bergkunsten også om dei fortelje?
Eller vil nye minner ei nettsky måtte velje?

Åshild Kjelsnes

52

Jentene med fiskesnøre
møtte også dette farne.
Røystene frå dei som var her,
kjem til oss og syng i sinnet.
Dette kjenner vi og sansar:
Sola kjem i Ausevik

Idar Stegane

 

 

Reklamer

80 kommentarer om “Diktstafett

  1. Denne strofa er frå Aldis Grytten Sund:

    Svaret vert det rette
    når vi forskar og finn,
    langt attende,
    granske forfedrene sitt sinn.
    Vi legg oss på hjarta
    kva deira virke har gjort for oss
    skal tru om dei klaga over veret,
    slik som oss,
    tru om dei klaga når vinteren vart hard,
    kan nokon gje oss svar på dei spørsmål som vi har?

    • Svara ligg der, skjult mellom rissa berg
      Vi fyllest med undring-
      koss var det på denne tid?
      Og medan vi står, stille og beundrar,
      Kjem det til oss
      Stemmer og lukter frå ei svunnen tid.

      Liv Torsvik Myrvollen

  2. Stemmer og tonar frå ei svunnen tid
    Minnet om båten som glei forbi
    Glade jenter med gitar og fiskesnøre
    Sommarkveld, havblikk og livet framføre
    Kan bergkunsten også om dei fortelje?
    Eller vil nye minner ei nettsky måtte velje?

    Åshild Kjelsnes

  3. Frå Idar Stegane har vi fått denne strofa:

    Jentene med fiskesnøre
    møtte også dette farne.
    Røystene frå dei som var her,
    kjem til oss og syng i sinnet.
    Dette kjenner vi og sansar:
    Sola kjem i Ausevik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s