Om skrivelaget

Sogn og Fjordane Skrivelag er sett saman av meir enn førti skriveglade medlemer ,  i alderen tjue til åttiåtte år.

Vi har skrivekurs minst ein gong i året. Fleire dyktige forfattarar har vore kursleiarar som Solfrid Sivertsen, Rolf Losnegård, Ove Eide, Rolf Sagen, Maria Parr, Arnhild Skre, May Grethe Lerum og Bjørn Sortland. Kursa er opne for alle.

Medlemsbladet vårt heiter “Skrivekløa”. Det kjem ut to gonger i året og er ein fin stad å debutere med tekstar, i tillegg til at det inneheld nyttig informasjon.

Her er informasjon om korleis du blir medlem.

Som medlem får du tilsendt «Skrivekløa» på e-post . Du får rabatt på skrivekursa våre, og høve til å vere med på fleire aktivitetar som skrivestafettar og publisere eigne tekstar i Skrivekløa eller på vårt lukka skriveforum. Vi jobber heile tida med å gje medlemane våre fleire gode tilbod som skal hjelpe deg vidare som skrivande.

 

Alt arbeid i laget vert gjort på dugnad.

I 2015 og 2016 mottok vi driftstilskot frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune. I 2014 både frå fylkeskommunen og frå  Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s