Diktstafett

Klarer vi å lage Noregs lengste dikt?

Det får vi sjå når vi no, saman med Ausevikas venner, har starta diktstafett.

312728_165496086869306_145233015_n

Advertisements

Inspirasjonshelg/skriveverkstad med May Grethe Lerum

May Grethe Lerum, kjend forfattar og medlem i skrivelaget, inviterer til inspirasjonshelg på vakre Sørheim i Sogn.

* Har du mange sider tekst, men er usikker på korleis den skal redigerast?

* Kanskje finst det berre nokre hjartegode notater i skuffen eller på PC-en din?

* Fekk du avslag frå eit forlag, men vil ikkje gje opp?

* Har du rett og slett ein god bok-idé, og treng hjelp til å koma i gang?

… eller er du ein etablert forfattar som treng inspirasjon og fagleg påfyll?

Du er velkomen til ei eksklusiv skrivesamling i privat og triveleg miljø. Ei lita gruppe skribentar får både personleg oppfølging, inspirasjon, og utvida kunnskap om skrivehandverket. Målet er at deltakarane skal koma mange steg vidare på vegen mot ferdig manuskript.

Last ned: Program og meir informasjon  —  Påmeldingsskjema – eller besøk kurset sin Facebookside for oppdatert informasjon.

Merk: Dette er ikkje eit kurs arrangert av Sogn og Fjordane Skrivelag, men av May Grethe Lerum privat. Har du spørsmål, kontakt May Grethe.

Novellekonkurranse: Fridom — løyndom

Bilde

Skrivelysten, men treng ein dytt? Her er sjansen du har venta på!

Skrivelaget inviterer i haust til novellekonkurranse, og vi kan lokke med både pengepremiar og publisering.

Ingen grunn til å nøle. Set deg ned og skriv den historia som ligg og lurer bak i hjernebarken – eller børst støv av ei frå skrivebordsskuffa.

Frist for innsending er 10. oktober, og fleire detaljar finn du ved å klikke her eller på Skrivekonkurranse i toppmenyen.

Lukke til!

Ikkje gå glipp av: Herr Kurz og damene i Florø 23. mai

herrkurzSkrivelaget sin eigen Rolf Losnegård har skreve manuset til teaterstykket Herr Kurz og damene, eit pikant trekantdrama med utspring i historia om den tyske kunstmalaren og forfattaren Karl Friedrich Kurz. Kurz budde i Dalsfjorden 1925-1950 og hadde eit nært forhold til Florø.

Stykket er sett opp av den frie teatergruppa Aldateateret, og har hausta gode kritikkar i blant anna Firdaposten, som omtaler stykket som ei gåsehudframkallande lita perle. Denne perla kan du få med deg om du er i Florø fredag 23. mai. Då vert dei to siste framsyningane spela, på Comfort Hotell Florø, Kysten Bar kl. 18.00 og kl. 20.00.

Losnegård er kanskje mest kjend for å stå bak manuset til Kinnaspelet, men har ein stor produksjon for fleire teater bak seg. Les meir om Herr Kurz og damene…

på Facebook

i Firdaposten (god bakgrunnsartikkel!)

i programmet

Skrivelaget på Facebook

facebookDet var kanskje på tide no, at også Skrivelaget fekk seg ei Facebook-side. Vi har laga ei eiga side som alle kan like og følge. Der vil vi poste informasjon om kurs og andre arrangement i regi av Skrivelaget – og andre. Der vil også komme tips om nyhende, nettsider, osb. som er relevante for dei som likar å skrive og har lyst til å lære meir om skriving.

Lik oss på Facebook her, og inviter vennane dine til å gjere det same!

 

Skrivekurs på Førde Hotell

Handfaste historier

Det vert skrivekurs på Førde Hotell helga 21.-23.mars. Temaet er “Handfaste historier” og er eit framhald av siste kurs, men det er ope for alle, ein treng ikkje ha vore med på fjorårets kurs for å henge med. Lærar vert Rolf Losnegård, han skulle vere kjent for det lesande og skrivande publikum i fylket. Vi startar fredag kl. 17.00. Kurset er ope for alle, men medlemene får det litt billegare, 400 kr. For ikkje-medlemer kostar det 700 kr. Eventuelt hotellopphald kjem i tillegg. For å vite kor mange som kjem er det ynskjeleg med påmelding innan 10.mars, anten til Helge som har tlfnr 93014663, eller til Olaug som har tlfnr 90141775
Vel møtt