Korleis bli medlem ?

 

Ønskjer du å bli medlem? Send epost til leiar Åshild Odéen (aaodeen@gmail.com), eller nestleiar Rune Hegrenes (rune.hegrenes@gmail.com).

Føretrekk du å sende via vanleg post kan du sende til:

Åshild Odéen

Høgeberget 50

4953 Austrheim

Saman med innmeldinga legg du ved noko tekst du har skrive, det kan vere eit dikt, utdrag frå ein roman, ei novelle, ein artikkel eller anna tekst. Du kan og linke til bloggen din. Har du gjeve ut bok, send oss tittelen og gjerne link til side om boka/bøkene. Det gjeld og om du har gjeve ut boka/bøkene sjølv. Om du ønskjer det, kan du få respons på det du har skrive. Gje då beskjed om det i eposten.

 

Årskontingenten er kr 500,- (kr 250,- for skuleelev/student). Medlemsskap gjev gode rabattar på arrangement, medlemsblad, nettverk og høve til å publisere i antologiar. Vi har framleis nokre eksemplar att av jubileumsboka Tankar møtest, og nye medlemmer vi få ei bok i velkomstgave så langt lageret rekk. Det er ingen grunn til å vente – grav fram det du har liggjande i skrivebordsskuffen (eller, kanskje meir sannsynleg, på PCen) og send det til oss i dag!

Advertisements

8 thoughts on “Korleis bli medlem ?

  1. Driver dere fortsatt med juryering. Det har ikke ført til annet enn sterkt begrensa medlemsmasse. Åpne opp for alle, få med ungdommen, se dem utvikle seg i laget og få en større og mer kreativ og aktiv medlemsmasse.

    • Ja, debatten om juryordninga har pågått i snart 30 år – like lenge som Skrivelaget har eksistert. Seinast i fjor vedtok årsmøtet ein ny instruks for juryen, så, ja, juryordninga er levande fortsatt. Saka kan likevel vere aktuell å ta opp att neste år, og der er fleire argument både for og mot eit slikt nålauge for å få medlemsskap. Eg har personleg ikkje bestemt meg for noko standpunkt i saka. Anne Marie.

  2. I mange samtaler har eg fått høyre at nettopp det å vite at ein vart seriøst vurdert av ein jury har for mange vore ein viktig grunn til at dei i det heile søkte. Ved å ta vekk den terskelen trur eg det lett kan ende i ein «koseklubb».

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s